«Bør Børson Jr.»
av Falkberget/Tusberg.
Dette er soga om den hjartegode, kanskje litt dumsnille, bondesonen med store vyer for seg og bygda, litt vel store for begge, meinte enkelte, er ein av dei største norske suksessane både på scene og på kino.
Bondetampen som var gründer jamvel før ordet gründer var funne opp, knølen som mange gjorde sitt beste for å bedra, men som alltid landa på beina, er ei munter soge med eit utal av umogelege vendingar. Det heile blanda godt opp med fengande musikk av Egil Monn Iversen.
Den originale Bør Børson var trøndar og heimbygda var Olderdalen. Men kor som er, det fanst ein Bør i dei fleste, for ikkje å seia alle bygder, slik også her vest hjå oss. Så vår Bør er heilstøypt Lindåsing, og har etablert seg med assortert krambu på Hestevellane.
Gruppe 4 i Lindås Ungdomslag har frå i haust vore i full sving med å øva inn denne framsyninga. Premieredagen er 17. mai 2012. Med andre ord vert det ikkje revy i Haugatun på nasjonaldagen, men me meiner at denne framsyninga er eit svært godt alternativ. Me skal i alle fall gjera vårt aller beste for at du som møter opp skal få ei triveleg stund saman med oss.
VEL MØTT!